Vinnar Siderfestivalen 2010

'

Ulvik Frukt & Cideri – Sidermeister 2010
Asbjørn Børsheim – Ulvik Frukt & Cideri vann årets siderkonkurranse. Me gratulerer. Dommerpanelet i finalen var sett saman av den svenske champagne-eksperten Richard Julin, kokk Jorunn Pile, Britt Ingvild Djupevåg frå Vinmonopolet, lekmann Kjell Sekse, og bartender Eyolf Doksæter.
Dei var einige om at Asbjørn Børsheim frå Ulvik frukt & cideri hadde det aller beste eksemplaret, nemleg ein gul gravensteinsider.
Børsheim har berre drive profesjonelt i to–tre år, og var godt nøgd med dei
24,4 poenga (av 30) han innkasserte frå juryen.
– Sideren som vann er den med mest eplesmak. Den er ikkje like sprudlande som dei andre typane me produserer. Om målet var å laga ein sterkast mogeleg sider, kunne eg gjort det, men når sideren ligg på mellom seks og åtte prosent, kjem eplesmaken meir fram, fortel Børsheim.
Eller som sjampanjeeksperten sjølv ville sagt det:
– Sideren frå Ulvik frukt & cideri er elegant, minner om moselvin, presis og perfekt.

sjå www.siderfestivalen.no

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider