Eple

Produktbilete

Me dyrkar mange sortar eple og grovt kan me gruppera dei i 3 grupper : vanlege sortar i konsumsal i dag, gamle eplesortar og spesielle franske/engelske sidersortar. Totalt har me over 20 eplesortar på garden.
2/3 av garden er nyplanta etter 2002 og det planta om lag 27 da.
"Vanlege" sortar - Idunn, Raud Prins, Kronprins, Discovery, Aroma, Raud Aroma og Karin Schneider.
"Gamle" sortar - Franskar, James Grieve, Gul Gravenstein, Lord Lambourne, Signe Tillish, Raud Torstein, Ripston, Tormodseple, Bramley Seedling og Grønt sureplatre.
Engelske/franske"Sidersortar" - Nehou, Major, Ellis Bitter, Cidor, Broxwood Foxwhelp og Somerset Redstreak.
Meir opplysningar om eplesortane finn ein på: www.skogoglandskap.no/seksjoner/sortsdatabase/hent_fruktsort
På bilete haustar Annlaug ein godt utvikla Karin Schneider.

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider