Produkta

Eplemost

Produktbilete

Eplemost frå Hakastad - Ulvik Frukt & Cideri - er eit naturprodukt av eple - pressa eine dagen og pastuerisert andre dagen utan tilsetjingstoff.
Smaken av flytande eple er gjennomgåande.
Her kan ein få ulike smaksopplevingar alt etter kva ein er ute etter . Kvar eplesort har sin eigen smak etter kva sukker- , syre- og ev tannnininnhald den har - dette gjer at du på Hakastad kan få oppleva mange smakar etter kva du er ute etter. Bruken av eplemost kan difor vera ein god erstatning for vin /ev brus til ulike matrettar etter den om den er fyldig,aromatisk,syrleg eller søt. Hovudkunden til Ulvik Frukt & Cideri - Bellevue resturantar i Bergen - har erstatta brus med juice i alle selskap.
Me produserar eplemost i 0,33l og 0,7 l glasflasker. Elles og i 3 l og 5 l bag in box.
Desse sortane vert det laga eplemost av (nokre av sortane er produsert i mindre omfang ) - rangert etter modningstid -
IDUNN/FRANSKAR - er ein ny norsk sort som er saftig og fruktig. Franskar er ein av dei eldste sortane i Hardanger - er eit "mateple" og
har mykje bitter og tanninstoff i seg. Båe modnar samstundes og i garden si spesialblanding vert det ein eplemost som er syrleg , stilrein og har ein lang ettersmak. Svært god til mange matrettar. Ein vinnar. Mange unge tre på gang - aukande produksjon.
DISCOVERY - ein engelsk sort som er svært aromatisk og har svært god sødme. Ein skikkeleg dessertmost som eignar seg som kosedrikk el til dessertar og kaker.
GRAVENSTEIN-er fyldig, vinøs og har god sødme. Den er svakt syrleg, svært karakteristisk aroma med lang ettersmak. Me seier at Gravenstein har en eigen ”Gravensteinaroma” med en smak av mandel. Gravenstein har eit stort bruksspekter og går godt både til kjøt og fisk.Eplesorten kom frå Danmark (Gråsten slott) til Hardanger i 1792 og vart hovudsort på 1900 talet i Hardanger og Norge.
JAMES GRIEVE- gjev ein svært rik og syrleg smak. Den er vinøs og har lang ettersmak. Det brie smaksregisteret gjer at den passar godt til fisk og skaldyr , likeeins kraftig og krydra mat.Eplesorten kom frå Skottland i 1890. Dyrka ein del i Norge midt på 1900 talet . Svært god som alkoholfri velkomstdrikk.
AROMA - "bankersen" - ein som ikkje har fått eplemost før likar alltid denne. Smaken er middels fyldig og aromatisk, med litt syrleg ettersmak. Har god balanse mellom syre/sødme. Den kan brukast både til kjøt- og fiskerettar.
Eplesorten kom fra Sverige i 1970 – hovedsort i dag, og er en krysning mellom Ingrid Marie og Filippa.
KARIN SCHNEIDER- Den eplemosten som har minst syre av dei nemnde her. Den er lett å drikka og smakar litt søtt, men har ein syrleg ettersmak. Passar godt til litt lettere mat, td småretter og lunsj. Dei fleste ungane likar denne juicen særs godt. Sorten er dansk.
Meir om eplesortane finn du på:
www.skogoglandskap.no/seksjoner/sortsdatabase/hent_fruktsort

Sider frå Hardanger

Produktbilete

Ulvik Frukt & Cideri fekk i juli 2009 statleg tilverknadsløyve for produksjon av alkoholhaldig drikk (vinstyrke). Med det løyve kan me selja sider til hotell, restaurantar og serveringsstader med skjenkeløyve. Frå juli 2011 er vi på tilleggsutvalet på Vinmonopolet.
Med over 30 års erfaring som hobbysiderprodusent var det spennande å gå på ein større produksjon - men at sjølve handverket ligg i botnen av alt me gjer -
Hakastadsider baserar seg på eple dyrka frå garden og er laga etter retningslinjene om"Sider frå Hardanger" slik at den kan bruka godkjenningsmerke (geografisk opphavsmerking) frå Matmerk. Sjå http://www.beskyttedebetegnelser.no/godkjente-produkter/bb/14/
Me ynskjer å laga ein sider rundt 6 - 7% slik at den får fram mykje av eplesmaken - sideren er laga heilt naturell utan tilsetjing av vingjær - berre litt sukker.
For tida lagar vi to typar sider - ein rein Gravensteinsider basert på Gul Gravenstein og ein sider kalla Tradisjon som er garden si blanding .
Sider er eit godt alternativ i staden for kvitvin til mat (fisk,kreps,blåskjel, asiatisk mat).
Lokalt er sider, flatbrød og spekemat ein slager - alt produsert i Hardanger.

Omvising

Produktbilete

Me har omvising- maks 40 - 50 personar- i produksjonslokale for sider og eplemost med smaksprøvar av dei ulike sortane saman med historie om garden og korleis produksjoen føregår - etterpå får gjestene smaka dei ulike sidertypane me har i den nye skjenkestova me har over produksjonslokale.Me har og salsløyve for all sider med alkohol direkte frå gardsutsalet
Heile runden m smaking tek om lag 1 time og me tek imot grupper over 10 personar etter førehandstinging.
I samband med Frukt- og siderruta Lekve-Syse-Hakastad har me siderslepp laurdagen rundt 20 mai og fruktslepp første helga i oktober
Bilete er frå det første sidersleppet vårt i 2010.

Eple

Produktbilete

Me dyrkar mange sortar eple og grovt kan me gruppera dei i 3 grupper : vanlege sortar i konsumsal i dag, gamle eplesortar og spesielle franske/engelske sidersortar. Totalt har me over 20 eplesortar på garden.
2/3 av garden er nyplanta etter 2002 og det planta om lag 27 da.
"Vanlege" sortar - Idunn, Raud Prins, Kronprins, Discovery,Raud Gravenstein,Summerred, Raud Aroma og Karin Schneider.
"Gamle" sortar - Franskar, James Grieve, Gul Gravenstein, Lord Lambourne, Signe Tillish, Raud Torstein, Ripston, Tormodseple, Bramley Seedling og Grønt sureplatre.
Engelske/franske"Sidersortar" - Ellis Bitter, Cidor, Broxwood Foxwhelp og Somerset Redstreak.
Meir opplysningar om eplesortane finn ein på: www.skogoglandskap.no/seksjoner/sortsdatabase/hent_fruktsort
På bilete haustar Annlaug ein godt utvikla Karin Schneider.

Prisar

Produktbilete

Prisar 2023:
Direktesal inkl mva
Eplemost:
0,33 l - 45 kr pr flaske (Aroma, Karin Schneider, Gravenstein)
0,7 l - 70 kr pr flaske (James Grieve, Aroma, Discovery)
0,5 l (Aroma/svarthyll) - 65 kr (raud- god til alle typar kjøtrettar) - har 10% svarthyll, 90 % aroma
0,7 l - (aroma/aronia) - 75 kr (raud - god til kjøt - spesielt kalv) - 10 % aronia/90 % aroma
0,5 l - musserande eplemost av Idunn/Franskar - 100 kr (i finalen i Det Norske Måltid 2019 som årets driklk)
3l bag in box - 185 kr (berre Aroma/Gravenstein)
5 l bag in box - 260 kr (berre Aroma) -

Eplesidereddik (ingen tilsetjing - 5% brukseddik smakar eple - direkte oksydert frå Sider frå Hardanger) :
125 ml - 60 kr
250 ml - 105 kr

100% Aronia - 250 ml - 95 kr

Eple i sesongen:
35 kr pr kg - 260 kr for 8 kg

Omvising for grupper min 10 pers
325 kr pr person (frå 2023) for vanleg omvising (under 10 pers 400 kr/pers) - ca 1 t

Ulvik Frukt & Cideri har gardsutsal open måndag - laurdag (1000-1700) og med salsløyve for sider med alkohol (sideren ligg mellom 4,7% - 9%.)
Me har og skjenkeløyve og du kan få kjøpa siderplanke (smaksprøvar m 3 el 4 typar.

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider