Sidersleppet 2013 18.mai kl 1300-18.00

PRESSEMELDING - Norheimsund 25.04.2013

Smak på årets eplesider - Sidersleppet 18.mai i Ulvik

Midt i fruktbygda Ulvik ligg Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Saman har dei etablert den einaste frukt- og siderruta i Noreg. Vertskapet inviterar til Sidersleppet 2013 laurdag 18.mai - når blømingstida har sett inn og Hardanger er på sitt vakraste.

”Sidersleppet har blitt ein tradisjon her i Ulvik, og me gler oss veldig til årets arrangement som blir det fjerde i rekka. På gardane får du omvising og smaksprøvar av eplesider, i tillegg kan ein smake på andre produkt som gardane produserar” seier ein av vertane, Asbjørn Børsheim frå Ulvik Frukt & Cideri. "Personleg er eg spent på mottakinga av den nye sideren min, den første godkjent som "Sider frå Hardanger" under 4,75%. Sideren er laga av Gravenstein og er på 4%. Det er brukt lite sukker og er ikkje blanda med noko for å få ned alkoholprosenten" fortel Asbjørn. Sideren kan smakast på Sidersleppet, og kjem for sal seinare i år.

Nils Lekve på Hardanger Saft- og Siderfabrikk har i 2012 hatt stor suksess med lansering av eplebrennevinet Apal, dessertvin og likør. I Ulvik vert det produsert mange forskjellige sidertypar, og Nils håper at alle vil finne sin favoritt i årets utval.

På Syse Gard treff du Gro og Hans Uglenes. Syse gard er godkjent som Economuseum om frukt i år og har i tillegg eit gardsutsal med utval av heimelaga produkt.

Stad: Ulvik i Hardanger.
Tid: Laurdag 18. mai kl 13:00 – 18:00.
Faste omvisingar med smaksprøvar på kvar gard kl. 13:30 – 15:00 – 16:30. Merk tidene!
Pris: 200,- (over 18 år, under 18 år gratis). Billettar vert selt på gardane.
For meir informasjon og detaljert program om Sidersleppet 2013 sjå: www.siderruta.no

Reisetider til Ulvik:
Bergen 2,5 timar, Stavanger 5 timar, Oslo 6 timar
Overnatting: Brakanes Hotel – eller sjå www.visitulvik.no for andre alternativ.

Velkomen til Noregs frukthage og nyt smaken av Hardanger.

For meir informasjon om frukt og bær frå Hardanger ta kontakt med:
Reisemål Hardanger Fjord v/Camilla Fykse, prosjektleiar ”Opplev frukt og bær i Hardanger”, 466 12 740 eller camilla@hardangerfjord.com

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider