Sidersleppet 2012 er 19.mai kl 1300 – 1800

Sjå reportasje av 23.mai frå sidersleppet!:på stoltmat.no
http://stoltmat.no/sider-fra-hardanger-rett-fra-tanken/

Smak på årets eplesider -Sidersleppet 19.mai i Ulvik

Midt i fruktbygda Ulvik ligg Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt & Cideri. Saman har dei etablert den einaste frukt- og siderruta i Noreg. Laurdag 19.mai inviterer vertskapet til Siderslepp 2012.

Ein av vertane, Asbjørn Børsheim (Ulvik Frukt & Cideri) seier han gler seg til sidersleppet som i år vert arrangert for 3.gong. ”Gjestane får omvising og smaksprøvar på årets eplesider på dei ulike gardane. Ein vil oppleva at ein sider frå Hardanger ikkje berre er ein sider. Det er mange typar, akkurat slik ein finn at smakane på sider i Normandie varierer frå gard til gard. I tillegg kan ein smake på andre produkt som gardane produserar.”

Stad: Ulvik i Hardanger.
Tid: Laurdag 9. mai kl. 13:30 – 15:00 – 16:30.
Pris: 200,- Billettar vert selt på gardane.
Omvisingar med smaksprøvar på kvar gard - her er det mange smakar!
For meir informasjon og detaljert program om Sidersleppet 2012 sjå: www.siderruta.no

Reisetider til Ulvik:
Bergen 2,5 timar, Stavanger 5 timar, Oslo 6 timar
Overnatting: Brakanes Hotel – eller sjå www.visitulvik.no for andre alternativ.

Velkomen til Noregs frukthage og nyt smaken av Hardanger på sitt vakraste!

For meir informasjon om frukt og bær frå Hardanger ta kontakt med:
Reisemål Hardanger Fjord v/Camilla Fykse, prosjektleiar ”Opplev frukt og bær i Hardanger”, 466 12 740 eller camilla@hardangerfjord.com

Produkta

Kontakt

Ulvik Frukt & Cideri Asbjørn Børsheim
Hakastad
5730 Ulvik
Org. 983 035 256

Tlf. +47 91 10 22 15
e-brev: asbjorn.borsheim (snabel-a) ulvik.org

Om Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Målet vårt er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse.
Me dyrkar dei vanlege...

Ulvik frukt & Cider